| Hyttene Bjørkedalen Gjestehytter har fire vinterisolerte hytter med høg standard. Hyttene ligg med ei nydeleg oversikt over Bjørkedalsvatnet og fjella rundt. Hos oss kan du nyte roa og naturen - det er ingen støyande hovudvegar som går like utanfor døra. Hyttene har namna Laurentse, Mauritsa, Jakobina og Samolina - namna til fire søstre som levde rundt år 1900. Felles for alle hyttene er at dei har innlagt vatn, straum og/ eller vedfyring, fullt utstyrt kjøkken og bad med dusj og toalett. Prisliste finner du her. Laurentse, som ligg lengst til høgre i det øvste biletet, er den største av hyttene med 12 sengeplassar (4+4+2+2 senger), stove, bod og stor terrasse. Denne hytta er ideell for lengre opphald for ein familie. Mauritsa, som ligg i midten på det øvste biletet, er ideell til møter og andre samankomstar på grunn av ei særs stor stove. Den har 10 sengeplassar (4+4+2) og eit stort kjøkken. Jakobina og Samolina ligg begge i den nærmaste hytta på det øvste biletet. Hytta er delt på langs og har to bueiningar. Desse hyttene har sengeplass til 6 personar og er ellers utstyrt som dei andre hyttene. |
![]() |
|
|
|
![]() |